5 anbefalte toppturer av Norgesguidene

Norgesguidene arrangerer toppturer over hele Norge, her kan du lese om 5 turer de anbefaler.

Store Austabotntind
Store Austabotn tind er eit av dei mest markerte fjella i Hurrungane. For mange er nok Hurrungane synonymt med Store Skagastølstind, men på denne turen har du flott utsikt heile dagen mot Ringstindane, Dyrhaugstindane og ikkje minst mot Skagastølstindane. I forhold til andre turar i Hurrungane er ikkje denne spesiellt lang og vanskeleg, men den krever klatreutstyr og ofte isøks og stegjern, samt kunnskap om bruken av dette.

Kolåstinden
Majesteten på Sunnmøre ligg midt i Sunnmørsalpane og er eit fjell der ein kan ha mykje moro. Den kan gjerast som ein fottur med noko brekryssing, men den kan også gjerast som lange og valdsomme ryggtraversar, bratt veggklatring eller klatring i renner med og utan snø og is. Ta med fjellsko, svasko, fjellskisko, skibestigingssko, stegjern eller anna eigna fottøy. Det er utruleg mykje å velge i, og mykje er ennå ikkje gjort.

Stetind
Norges nasjonalfjell treng vel ikkje nokon nermare presentasjon. Lett gjenkjennleg på lang avstand. Monumental og glattskurt. Turen opp dit krev klatring og nokre få meter er tildels krevande, men utsynet frå toppen er verdt det!

Store Venjetind
Udiskutabelt verdens vakreste fjell med sine tilhørende alpine breer, rygger og topper. Her kan man finne mange utfordringer av meget høy kvalitet og ulik vanskelighetsgrad sommer som vinter. Den flotte ryggen fra Venjetind sklir elegant over i ryggen mot Kvanndalstind og den forrevne Torshammeren. Kvanndalstind er en av de flotteste og mest alpine toppene i Romsdalen og kommer nesten opp mot Store Venjetind.

Store Skagastølstind
På ei liste over dei flottaste fjellturane i alpint terreng her i landet, kjem me ikkje vekk frå Storen. Toppen ligg midt i Hurrungane og er synleg frå heile Jostedalsbreen og store delar av Jotunheimen. Turen er lang, krevande og ikkje minst spektakulær, men sidan klatringa ikkje er spesiellt vanskeleg hender det rett som det er at den vert undervurdert.